Om Prosjektet Fossetungården

Fossetungården ligg sentralt i det gamle sentrum av Sogndal, og vi tore påstå at det er midt i hjarta av Sogndalsfjøra.

På Gjest Baardesen si tid, var det her dei fleste budde og handla, og det var yrande liv rundt Fossetunet, av både dyr og mennesker.

Det var også her, i huset ved sidan av, at J.Johannessen i 1904 starta brød og kolonialhandel med eige bakeri. Etter 2 verdskrigen blei dei eit av dei første elektriske bakeria i distriktet.

I 1969 bygde Finn Geithus og Kåre Navarsete, Fossetunet, der dei dreiv henholdsvis konfeksjonsbutikk og matvarebutikk. Dei flytta vidare til det som i dag er Sogningen Storsenter i 1979, og etter dette har Fossetunet husa fleire store og små leigetakarar som mellom anna NAV, Høgskulen, Vestlandsforsking og Deloitte.

For 4-5 år sidan beslutta vi å ta Fossetunet vidare i ein ny og spennande retning. Det blei beslutta at heile bygget skulle få ein makeover, og bli eit bygg av samtida. Eit «grønt» bygg, der energi og bærekraft står i fokus.

Bygget har i dag tre etasjar, men den eine etasjen vil bli reven, og det vil bli bygd to nye etasjar, slik at bygget vil få 4 etasjar mot 3 i dag.

Dei to øverste etasjane skal bli leiligheiter, og det er desse som no blir lagt ut for sal.

Det er 14 leiligheter frå 45m2 til 104m2.

Alle med balkongar, og nokre med to balkongar. Eigen parkeringsplass følger sjølvsagt med.

Fossetunet ligg verkeleg i hjarta av Sogndal, med kort veg til det meste, og nærmaste matbutikk ligg kun ein liten rusletur på 3-4 minutt unna. Det ligg óg mange butikkar i umiddelbar nærheit, og ein koseleg kaffe rett rundt hjørna.

Fossetunet er verkeleg midt i sentrum, men samtidig får du fin utsikt over fjorden og fjella rundt, og den populære fjordstien ligg rett ned kaibakken.

Både skulane og Campus er berre ein kort sykkeltur unna.

Vi er glade for å få vere ein del av løftet i denne flotte delen av sentrum, og er viss på at den snart kjem til å bløme som aldri før.